DS «Suldal»

norsk veteranskip
(Omdirigert frå Suldalsdampen)

DS «Suldal», mest kjend under kallenamnet «Suldalsdampen», er eit veteranskip som går i turisttrafikk om sommaren på Suldalsvatnet i Suldal i Rogaland. D/S «Suldal» vart bygd i Stavanger i 1884 og vart sett i drift året etter. Båten måtte då demonterast og fraktast med hest dei 2 mila frå Sand til Suldalsosen. I 1953 vart skipet bygd om og dampmotoren vart bytta ut med ein semidieselmotor på 60 hestekreftar. Dampen trafikkerte strekninga NesflatenSuldalsosen i mange år, og var ein viktig del av den aukande turisttrafikken på slutten av 1800-, og byrjinga av 1900-talet. Båten vart seinare supplert med ferja M/F «Suldalsporten», og gjekk då berre som reservebåt og i skuleruter. I dag går båten i turistruter på vatnet om sommaren og er ein del av tilbodet ved bygdetunet Kolbeinstveit. Båten tek kvar laurdag ein runde der den kjende fjellformasjonen Suldalsporten er den store attraksjonen.

DS «Suldal» anno 2005, ved brygga på Kolbeinstveit