Sulzberger Bay

(Omdirigert frå Sulzbergerisen)

Sulzberger Bay er ei bukt mellom Fisher Island og Vollmer Island, langs kysten av King Edward VII Land. Ho vart oppdaga av Byrd-ekspedisjonen den 5. desember 1929, og vart namngjeven av Byrd etter Arthur H. Sulzberger, som publiserte New York Times og støtta Byrd-ekspedisjonane i 1928-1930 og 1933-1935.[1]

Sulzberger Bay
bukt
Kart over Sulzberger Bay
Land  Antarktis
Del av Rosshavet
Koordinatar 77°0′S 152°0′W / 77.000°S 152.000°W / -77.000; -152.000
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Sulzberger Bay
77°S 152°W / 77°S 152°W / -77; -152
Sulzberger Bay is located in Antarktis
Sulzberger Bay (Antarktis)

Sulzberger Bay ligg føre Sulzberger isbrem (77°0′S 148°0′W / 77.000°S 148.000°W / -77.000; -148.000), ein isbrem som er kring 137 km lang og 80 km brei langs kysten av Marie Byrd Land mellom Edward VII Peninsula og Guest Peninsula. Isbremmen vart observert og grovt kartlagd av Byrd-ekspedisjonen (1928-1930).[2]

Sulzberger Basin (77°0′S 152°30′W / 77.000°S 152.500°W / -77.000; -152.500) er eit havbasseng sentralt i Rossisen nær Sulzberger Bay.[3]

Isfjelldanning

endre

Isbremmen kalva fleire isfjell i dagane etter 12. mars 2011, same dag som jordskjelvet og tsunamien i Sendai i Japan. Forskarar har knytt denne iskalvinga til tsunamien som nådde isbremmen kring 13 600 km unna episenteret til jordskjelvet. Det største isfjellet var omtrent like stort som Manhattan Island. I alt kalva isbremmen isfjell som dekte i alt nesten 125 km2. Denne delen av isbremmen hadde ikkje flytta seg sidan 1946.[4][5]

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre