Sumpsmett
Sumpsmett (Cistothorus apolinari) er ein fugl i gjerdesmettfamilien som er endemisk for Colombia.
Sumpsmett | |
Sumpsmett Foto: Neil Orlando Diaz Martinez
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Utbreiinga av Sumpsmett | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Gjerdesmettfamilien Troglodytidae |
Slekt: | Cistothorus |
Art: | Sumpsmett C. apolinari |
Vitskapleg namn | |
Cistothorus apolinari |
Skildring
endreHan er ein liten smett på 12 centimeter med brun fjørdrakt, har mørke flekker på ryggen og mørke tverrstriper på halen. Ein underart har lys, nesten kvit underside.
Songen består hovudsakleg av låge tonar, med ein karakteristisk lyd av tvii og territorielle rop høyrast ut som tjorr. Fuglen lever av edderkoppar og små insekt. Vanlegvis gøymer dei seg i sumpar og i sivfelt med nærvere av espadana-plantar i dunkjevlefamilien og 'juncales' i storrfamilien. Hekkesesongen er i mars til august.
Utbreiingsområdet er i sumpområdet sør for Bogotá, og i Andes, Cundinamarca-departementet og Boyacá-departementet, total høgdutbreiing er mellom 2500 og 3900 moh.[1]
Populasjonen er estimert til å ligge i området 1000 til 2500 individ er trudd å minke sterkt. Arten er klassifisert som sterkt truga, EN.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Apolinar's Wren» frå Wikipedia på engelsk, den 26. september 2015.
- Kroodsma, D. & Brewer, D. (2005). Apolinar's Wren (Cistothorus apolinari) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2015). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 26. september 2015
- BirdLife International (2015) Species factsheet: Cistothorus apolinari. Henta frå http://www.birdlife.org den 26. september 2015
- Referansar