Sundarbans is located in India
Sundarbans (India)

Sundarbans (bengali সুন্দরবন<) er eit elvedelta som inneheld den største mangroveskogen i verda. Det ligg i Gangesdeltaet, der Ganga og fleire andre elvar munnar ut i Bengalbukta. Litt over halvparten ligg i Bangladesh og resten i den indiske delstaten Vest-Bengal, der skogen er verna som Sundarbans nasjonalpark. Skogen og nasjonalparken er skrivne inn på verdsarvlista til UNESCO for den særeigne utforminga og biodiversiteten sin.

Solstråler gjennom lauv i Sundarbans.
Foto: Bri Vos
Elv i Sundarbans.
Foto: Peter Andersen

Sundarbansområdet er om lag 20 000 kvadratkilometer stort. 62 % av området ligg i Bangladesh og resten i India. Det bur rundt 4 millionar menneske i Sundarbans, men mesteparten av området er utan fast busetnad. I Sundarbans finn ein mellom anna den truga bengalske tigeren, aksishjort, slangar og krokodillar. Namnet Sundarbans viser truleg til dei karakteristiske sundari-trea (Heritiera fomes) som veks her. Ban tyder 'skog' på bengali.[1]

Sundarbans nasjonalpark i India blei peika ut som verdsarv i 1987 og den tilsvarande delen i Bangladesh i 1997. Områda oppfyller kriteria ix og x — dei er framifrå døme på økologiske og biologiske utviklingsprosessar, og inneheld eit viktig naturleg leveområde for ei rekke artar.[2]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.