Sunni-triangelet
Sunni-triangelet er ein tett folkesett region i Irak, nordvest for Bagdad, som hovudsakleg er busett av sunnimuslimske arabarar.[1]
Hjørna i det grovt trekanta området vert vanlegvis rekna å liggje nær Baqubah (på austsida av triangelet), Bagdad (på sørsida), Ramadi (på vestsida) og Tikrit (på nordsida). Kvar side er kring 125 km lang. Området omfattar byane Samarra og Fallujah.
Området var ein sterk støttespelar for den tidlegare irakiske presidenten Saddam Hussein, og mange statlege tilsette, politikarar og militære leiarar frå og med 1970-åra kom frå dette området. Saddam sjølv var fødd like utafor Tikrit.
Etter invasjonen av Irak i 2003 vart området fokus for væpna sunnimotstand mot koalisjonsstyret. Det vart spådd i vestleg presse at Saddam kom til å skjule seg hos sunni-støttespelarane og 13. desember 2003 vart han teken til fange i raid mot landsbyen ad-Dawr kring 15 km sør for Tikrit.
Omgrepet Sunni-triangelet vart nytta av og til frå 1970-åra blant akademiske Irak-spesialistar, vanlegvis for å skilje det frå dei nordlege og sørlege områda av landet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sunni Triangle» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Ahmed Hashim (2005). Insurgency and Counter-insurgency in Iraq. Cornell University Press. s. 129. ISBN 0-8014-4452-7.