Tikrit
Tikrit (arabisk تكريت, gammalsyrisk ܬܓܪܝܬ Tagriṯ), stundom skriven Takrit eller Tekrit, er ein by i Irak, 140 km nordvest for Bagdad og 220 km søraust for Mosul i Tigris. Han er det administrative senteret i Saladin guvernement. I 2012 hadde byen kring 160 000 innbyggjarar.[1]
Tikrit | |||
تكريت | |||
by | |||
Nordover langs Tigris mot presidentpalasset til Saddam Hussein i april 2003
| |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Salah ad Din | ||
Høgd | 137 moh. | ||
Koordinatar | 34°36′36″N 43°40′48″E / 34.61000°N 43.68000°E | ||
Folketal | 160 000 (2012) | ||
Tikrit 34°36′00″N 43°41′00″E / 34.6°N 43.683333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Tikrit |
I nyare år har byen våre åstad for kampar mot Den islamske staten som kulminerte med det andre slaget ved Tikrit i mars og april 2015, som førte til at 28 000 sivile måtte flytte.[2] Irakiske styresmakter fekk kontroll over byen att 31. mars 2015.[3]
Historie
endreFørste sikre skriftlege omtale av byen er frå Klaudios Ptolemaios (100-talet evt.), som kalla byen for Birtha. Birtha er enno i bruk, men om ein bydel der.
Ifølgje arabiske forfattarar vart byen grunnlagt av sassanide-kongen Shapur I (regjerte 240/42–270 e.Kr.). På folkemunne har byen det noverande namnet Tikrit etter ei kristen kvinne ved namn Takrit bint Wail.
Byen var tidleg eit viktig sentrum for kristne klostersamfunn. I det heile var det ein kristen arabisk by før islamiseringa av regionen. I 637 vart så Tikrit erobra for første gong av muslimske arabarar. Ikkje dess mindre vart byen verande kristen i tidligislamske tid. Tikrit var frå 300-talet eit jakobittisk bispesete. I 1155 smelta bispedømmet saman med bispedømmet Mosul. Det liturgiske språket til dei kristne var gammalsyrisk. Sjølv om byen ikkje spelte noko vesentleg historisk rolle, førte den enkelte kristne høglærde, mellom andre biskop Kyriakos som vart patriark av Antiokia, teologane Abu Zakariya Denha og Abu Raita, og omsetjaren Yahya ibn Adi.
I mellomalderen var Tikrit sete for maphrianen, i strukturen til den syrisk-ortodokse kyrkja ein metropolitt som stod like under patriarken.
På 1000-talet erobra seldsjukkane under Tughrul Beg byen. Frå 1149 tilhøyrde det Fyrstedømmet Arbil, men vart frå 1190 tilhøyrande den abbasidiske kalifen. Etter kalifane følgde seinare zengidane.
I 1137 kom her Saladin til verda; han var kurdisk og lengje i zengidisk teneste, og vart så seinare grunnlegg av riket til ajjubidane.
Han vart øydelagd under herjingane til Timur Lenk (1336–1405) og vart deretter verande ein uviktig stad i lang tid. På 1800-talet hadde han ikkje fleire enn 4000-5000 innbyggjarar.
På 1500-talet vart Tikrit osmansk og vart så verande til 1917, då den under første verdskrigen vart erobra av britane. Etter krigen vart den delen av det britiske mandatet Mesopotamia.
Klima
endreByen har eit varmt ørkenklima (BWh).[4]
Vêrdata for Tikrit i Irak | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 14,3 | 17,2 | 21,4 | 27,6 | 35 | 40,6 | 43,6 | 43,2 | 39,4 | 32,7 | 23,6 | 16,5 | 29,6 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 9,1 | 11,3 | 15,1 | 20,6 | 26,9 | 31,9 | 34,6 | 34,2 | 30,3 | 24,3 | 16,7 | 10,9 | 22,2 |
Gjennomsnittleg min °C | 4 | 5,5 | 8,8 | 13,6 | 18,9 | 23,2 | 25,8 | 25,3 | 21,5 | 15,9 | 9,9 | 5,3 | 14,8 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 28 | 29 | 30 | 20 | 7 | 0 | 0 | 0 | 0 | 5 | 24 | 37 | 180 |
Kjelde: Climate-Data.org (altitude: 109m)[4]SunMap[5] |
Personar fødd i byen
endre- Saladin, grunnleggjar av Ajjubide-dynastiet
- Saddam Hussein, president i Irak 1979-2005
Galleri
endre-
Gamlebyen i Tikrit
-
Gamlebyen i Tikrit
-
Det syriske klosteret i Tikrit
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tikrit» frå Wikipedia på engelsk, og «Tikrit» frå Wikipedia på bokmål den 28. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Iraqis – with American help – topple statue of Saddam in Bagdad». Fox News. 9. april 2003.
- ↑ «Islamic State crisis: Thousands flee Iraqi advance on Tikrit». BBC News. Henta 10. april 2015.
- ↑ http://www.timesunion.com/news/world/article/Iraqi-minister-says-Tikrit-to-be-recaptured-6172150.php
- ↑ 4,0 4,1 «Climate: Tikrit - Climate graph, Temperature graph, Climate table». Climate-Data.org. Henta 28. februar 2021.
- ↑ «Weather in Asia, Iraq, Muḩāfaz̧at Şalāḩ ad Dīn, Tikrit Weather and Climate». Arkivert frå originalen 26. september 2011. Henta 28. februar 2021.
Litteratur
endre- The Encyclopaedia of Islam. New Edition, Artikkel Takrīt av J.H. Kramers-[C.E. Bosworth]
- J. M. Fiey: «Tagrit. Esquisse de l'histoire chrétienne», i: L'Orient Syrien 8 (1963) s. 289–342.