Sunniva Schultze-Florey
Sunniva Schultze-Florey (f. 1984 ) er ein norsk Raudt-politikar frå Bergen. Ho er gruppeleiar i Raudt-gruppa på Fylkestinget i Hordaland.
Sunniva Schultze-Florey | |||
Fødd | 9. oktober 1984 (40 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Raud Valallianse, Raudt | ||
Yrke | politikar |
Schultze-Florey har bakgrunn frå Raud Ungdom, Målungdomen, Ungdom mot Narkotika, og har jobba mykje med antirasisme.
Schultze-Florey var regionsansvarleg for Vestlandet Raud Ungdom frå 2002 til 2004. Ho sit i fylkesstyret i Hordaland RV, og har gjort det sidan 2002. Ho vart vald inn for RV på Fylkestinget som 18-åring ved fylkestingsvalet i 2003. Ho sit i utval for opplæring og helse og har markert seg mellom anna som motstandar av samanslåing av vidaregåande skular og nedlegging av spesialskular. I desember 2007 fekk ho vedteken ein plan mot diskriminering av homofile i den vidaregåande skulen i Hordaland. I januar 2008 vart ho kåra til Årets homopolitiker 2007 og Årets Homofryd, av Bergen Gay Galla.
Ho tok vidaregåande utdanning på yrkesskule, og studerer no juss ved Universitetet i Bergen. Ved studentrådsvalet 2007 vart ho vald inn i studentrådet i Bergen, for Raudt Universitets- og Høgskulelag. Ho er medlem av Norsk Studentunion, NSUs landsstyre.
Schultze-Florey sit òg i styret til Kvinnegruppa Ottar i Bergen, og har gjort det sidan 2006.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |