SuperTed er ein walisisk animert barneserie som gjekk på BBC frå 1983 til 1986. Serien handla om ein teddybjørn med magiske superkrefter. Han hadde 36 episodar.

Superted
Typefjernsynsserie, fiktiv bjørn
OpphavslandStorbritannia
Sesongar3
Episodar36
Språkwalisisk
SkaparMike Young
KanalS4C

I Noreg blei serien send av NRKFrokost-TV på slutten av 1980-talet.

Handling endre

På ein leiketøyfabrikk blir ein liten teddybjørn med ein fabrikasjonsfeil kasta inn på eit mørkt lagerrom. Der blir han funne av Prikken, eit prikkete vesen frå verdensrommet. Prikken gjev teddybjørnen liv med hjelp av kosmisk støv, og tek han så med seg til ei fortrylla sky. Der gjev Moder Natur leikebjørnen fantastiske krefter, og han blir til SuperTed. SuperTed brukar superkreftene sine til å kjempa mot vondskap, og hovudfiendane hans er den slemme cowboyen Tex og dei to hjelparane hans: den tjukka og klønete Bolla, og det svært lettskremte skjelettet Beinet.

Norsk versjon endre

Serien blei omsett til norsk av Morten Lange, og dei norske stemmane var ved Sverre Anker Ousdal, Åre Lindtner Næss, Finn Schau, Per Lillo-Stenberg, Kari Gjærum, Mari Bjørgan og Trond Brænne som forteljaren.

Kjelder endre