Arne Lindtner Næss
Arne Birger Lindtner Næss (fødd 19. desember 1944) er ein norsk filmskodespelar, -regissør, -produsent og manusforfattar.
Arne Lindtner Næss | |||
Fødd | 19. desember 1944 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Verka som | skodespelar, filmregissør, manusforfattar, filmskodespelar, TV-produsent, fjernsynsskodespelar | ||
Mor | Randi Lindtner Næss | ||
Born | Peder Hamdahl Næss |
Karriere
endreArne Lindtner Næss er utdanna skodespelar og filmdebuterte allereie i 1969 i Brent jord. Han har opptrådt på nær alle teater i Noreg, og er framleis aktiv. I moderne tid er han kanskje mest kjend ifrå dramaseriane Familiesagaen De syv søstre og Venner og fiender på TV 2.
Frå 1985 tok han til å også regissera, produsera og skriva manus for filmar, noko det også må seiast han har lukkast med. I desse jobbane har han vorte særleg kjend for regisseringa av filmane om Olsenbanden junior, samt familiefilmen Venner for livet frå 2005. Arne Lindtner Næss vann Amandaprisen for 2005 i klassen Beste barne- og ungdomsfilm med Venner for livet.
Dei siste prosjekta til Lindtner Næss er filmen Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn samt den komande fjernsynsserien Esefo-kidza.
Arne Lindtner Næss er far til filmregissøren Peder Hamdahl Næss.
Filmografi
endre- 2011: Blåfjell 2 - Jakten på det magiske horn (film, regi)
- 2010: Olsenbanden jr. Mestertyvens skatt (film, regi)
- 2008: S.O.S. Svartskjær (film, regi)
- 2007: Olsenbanden jr. Sølvgruvens hemmelighet (film, regi og manus)
- 2006: Olsenbanden jr. på Cirkus (film, regi)
- 2004: Olsenbanden jr. på rocker'n (film, regi og manus)
- 2004: Det gode selskap (film, regi, manus og produksjon)
- 2003: Olsenbanden jr. går under vann (film, regi og manus)
- 2002: Far og sønn (fjernsynsserie, regi)
- 2001: Olsenbandens første kupp (fjernsynsserie, regi og produksjon)
- 2001: Fox Grønland (fjernsynsserie, manus)
- 2000: Vazelina Hjulkalender (fjernsynsserie, regi og produksjon)
- 1998: Venner og fiender (fjernsynsserie, skodespelar og manus)
- 1998: Hotel Cæsar (fjernsynsserie, regi og manus)
- 1996: Familiesagaen De syv søstre (fjernsynsserie, skodespelar og manus)
- 1996: Fjernsynsserien Offshore (skodespelar)
- 1994: Fjernsynsserien Vestavind (skodespelar)
- 1984: Snart 17 (film, skodespelar)
- 1982: Olsenbandens aller siste kupp (film, skodespelar)
- 1981: Liten Ida (film, skodespelar)
- 1978: Kvinnene (film, skodespelar)
- 1973: Kanarifuglen (film, skodespelar)
- 1972: Lukket avdeling (film, skodespelar)
- 1969: Brent jord (film, skodespelar)
Kjelder
endre- Bokmålswikipedia om Arne Lindtner Næss, henta inn 19. november 2011.
- Profil på Filmweb.no
- Profil på imdb.com
- Engelsk biografi hjå Norsk Filminstitutt[daud lenkje]