Sverre Anker Ousdal

norsk skodespelar

Sverre Anker Ousdal (fødd 18. juli 1944 i Flekkefjord) er ein norsk skodespelar. Han er ein markant filmskodespelar med ei rekke hovudroller i norsk og svensk film.

Sverre Anker Ousdal
Sverre Anker Ousdal.jpg
Fødd 18. juli 1944 (76 år)
Flekkefjord
Yrke skodespelar, fjernsynsskodespelar
Sverre Anker Ousdal på Commons

Han debuterte i 1965 på Den Nationale Scene. Ousdal var ved Oslo Nye Teater 1967-1970, og ved Nationaltheatret frå 1970.

Ousdal hadde store roller i TV-seriene Grenseland (1980), The Last Place on Earth (1985), Blodsbånd (1998).

UtmerkingarEndra

Ousdal har vunne Amandaprisen i klassen beste mannlege hovudrolle to gonger. Fyrste gongen i 1990 for hovudrolla i Fjernsynsteatrets Kreditorer, andre gongen i 1998 for hovudrolla i Blodsbånd.

I 2009 vann han òg Amandaprisen sin heiderspris saman med Helge Jordal og Kjersti Holmen.

Ousdal blei i 1997 utnemnd til riddar av 1.klasse av St. Olavs orden for sin innsats i norsk scenekunst.