Surprise av Paul Simon
Surprise Studioalbum av Paul Simon | ||
Utgjeve | 9. mai 2006 | |
Innspelt | 2005–2006 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 45:16 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Paul Simon | |
Kritikk | ||
---|---|---|
|
||
Paul Simon-kronologi | ||
You're the One 2000 |
Surprise | The Essential Paul Simon 2007
|
Surprise er det ellevte studioalbumet til Paul Simon og det kom ut i mai 2006.
Etter å ha hatt noko suksess med You're the One i 2000, som han vart nominert til Grammy-prisen for «Årets album» for, la han ut på turne, mellom anna i lag med Art Garfunkel som Simon & Garfunkel i 2003 og 2004. I 2004 starta Simon arbeidet det nye albumet og vart introdusert for produsenten Brian Eno.
Albumet vart spelt inn i London, New York og Nashville. Simon møtte først Brian Eno i London for å diskutere korleis dei skulle blande den elektroniske produksjonen til Eno med den akustiske gitaren til Simon.[1] Eno vart til slutt ikkje tilskriven som produsent, men for å ha skapt «lydlandskap». Simon var takksam for dette på albumet: «Å arbeide med Brian Eno opnar døra til ei ny verd med lydmessige mogelegheiter; samt at han er ein flott fyr å ha med seg i studio, eller i livet for den saks skuld. Eg hadde det verkeleg kjekt.»[2]
Surprise fekk positiv kritikk hos dei fleste kritikarane. Det fekk 78/100 på Metacritic, basert på 23 profesjonelle meldingar. Simon la ut på turne etter albumet kom ut for å gjere reklame for det. Albumet selde ganske godt og nådde 14. plass på den amerikanske albumlista, medan det i Storbritannia gjekk til fjerdeplass og i Noreg nådde det 20. plass.
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Paul Simon, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «How Can You Live in the Northeast» | 3:42 |
2. | «Everything About It Is a Love Song» | 3:57 |
3. | «Outrageous» (Paul Simon, Brian Eno) | 3:24 |
4. | «Sure Don't Feel like Love» | 3:57 |
5. | «Wartime Prayers» | 4:49 |
6. | «Beautiful» | 3:07 |
7. | «I Don't Believe» | 4:09 |
8. | «Another Galaxy» (Simon, Eno) | 5:22 |
9. | «Once Upon a Time There Was an Ocean» (Simon, Eno) | 3:55 |
10. | «That's Me» | 4:43 |
11. | «Father and Daughter» | 4:11 |
Medverkande
endre- Paul Simon – Vokal, gitar
- Adrian Simon – Vokal
- Jessy Dixon Singers – Vokal
- Vincent Nguini – Akustisk gitar
- Bill Frisell – Elektrisk gitar
- Herbie Hancock – Piano
- Gil Goldstein – harmonium, keyboard
- Alex Al – Bass
- Abraham Laboriel – Bass
- Pino Palladino – Bass
- Leo Abrahams – Bandlaus bass
- Robin DiMaggio – Trommer
- Steve Gadd – Trommer
- Jamey Haddad – Perkusjon
- Brian Eno – Elektronikk, lydlandskap
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Surprise (Paul Simon album)» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.usatoday.com/life/music/news/2006-06-18-paul-simon_x.htm
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 20. september 2010, henta 6. november 2010
Bakgrunnsstoff
endre- A Psychic Meltdown, Joined in Progress – brief analysis of "Everything About It Is a Love Song" by Tom Moon for NPR's Song of the Day.