Opna hovudmenyen

Svalbard kyrkje ligg i LongyearbyenSvalbard og er den nordlegaste kyrkja i verda.[treng kjelde] Kyrkja er ei langkyrkje i tre med 140 plassar. Ho vart bygd i 1958 og ombygd i 2004. Arkitekt for kyrkja var Hans Magnus. Den første kyrka på Svalbard vart bygd i 1921, men ho brann ned under 2. verdskrigen.

Svalbard kyrkje
kyrkje
Longyearbyen-Church-2006.jpg
Foto: Bjørn Christian Tørrissen
Type langkyrkje
Arkitekt Hans Magnus
Material tre
Innvigd 1958
Sitjeplassar 140
Wikimedia Commons: Svalbard kirke

Forvaltinga av Svalbard kyrkje vart lagt til Statens bygge - og eigedomsdirektorat (i dag Statsbygg) i 1977. Etter ombygginga i 2004 vart kyrkja knytt til fjernvarmenettet i Longyearbyen.[1]

Svalbard prestegjeld inngår i Tromsø domprosti som høyrer til Nord-Hålogaland bispedømme. Det er tre tilsette: sokneprest, kateket og hushaldstyrar. Verksemda i regi av Den norske kyrkja er finansiert over svalbardbudsjettet. Soknepresten er ansvarleg for å forvalte den delen av budsjettet som går til verksemda i kyrkja.

Prest og kateket utfører kyrkjelege handlingar som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sjelesorg og andre kyrkjelege tenester. Dessutan driv dei barne- og ungdomsarbeid. I tillegg til den norske busettinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund, innbyggjarane i Barentsburg og polakkane i Hornsund, besøker kyrkja også innbyggjarane i Svea, fangstmenn og andre som overvintrar på Svalbard. Kyrkja samarbeider med Den russisk-ortodokse kyrkja og Den katolske kyrkja i Noreg når det gjeld dei russiske og polske busetjingane.

Biskopen i Nord-Hålogaland har tilsyn med verksemda. Tilsetjing av kyrkjelege medarbeidarar skjer ved Nord-Hålogaland bispedømmeråd, som òg har arbeidsgjevaransvaret. Kyrkjelova gjeld ikkje på Svalbard. Det er ikkje sokneråd på Svalbard, men det er valt eit kyrkjeråd som er eit slags husstyre for kyrkja og eit samrådingsorgan for soknepresten. Soknepresten er tillagt det daglege leiaransvaret for dei tilsette.

Kjelder:Endra

Artikklen byggjer på ei omsetjing frå bokmålswikipediaen

FotnotarEndra

På nettet:Endra