Svalbard museum
Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum for Svalbard og Arktis.
Svalbard museum | |||
| |||
Stad | Longyearbyen | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1979 | ||
Svalbard museum 78°13′21″N 15°39′06″E / 78.2225°N 15.65167°E |
Samlingane til museet består av gjenstandar, fotografi, arkivalia, kunst og bøker og er på over 55 000 gjenstandar, av dei er ca. 7 000 registrerte.[1]
Svalbard museum blei stifta 18. januar 1979.[2], museet opna 4. juni 1981[2] Fram til 2006 fungerte det gamle grisefjøset i Longyearbyen som museumslokale.[1] Frå april 2006 flytta museet til Svalbard Forskningspark.[3]
Svalbard museum er frå 1. januar 2006 organisert som ei stifting. Stiftinga blei oppretta av Longyearbyen lokalstyre, Store Norske Spitsbergen Kulkompani, Universitetssenteret på Svalbard, Norsk Polarinstitutt og Sysselmeisteren på Svalbard.
Ved sida av Svalbard museum fins det fire andre gjenstandssamlingar på Svalbard: Pomormuséet i Barentsburg, Ny-Ålesund By- og Gruvemuseum, Luftskipsmuseet på Spitsbergen og Samlingane på Bjørnøya.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Om Svalbard museum, Svalbard museum.
- ↑ 2,0 2,1 Kari., Holm, (1. januar 2006). Longyearbyen - Svalbard : historisk veiviser. Holm Forl. OCLC 219007221.
- ↑ «Svalbard Museum». VisitNorway.com. Innovation Norway. Henta 2. april 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Svalbard museum» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2023.