Luftskipsmuseet på Spitsbergen

Luftskipsmuseet på Spitsbergen er eit museum i LongyearbyenSvalbard, og blei oppretta gjennom eit italiensk-norsk samarbeid. Museet blei opna i 2008, og initiativtakarane var to svalbardborgarar: italienske Stefano Poli og Ingunn Løyning. Opninga av museet fall saman med Det internasjonale polaråret og markeringa av at det var 80 år sidan ekspedisjonen til Umberto Nobile.[1][2]

Luftskipsmuseet på Spitsbergen

StadLongyearbyen
Skipa2008
Kart
Luftskipsmuseet på Spitsbergen
78°13′24″N 15°39′13″E / 78.22335°N 15.65351667°E / 78.22335; 15.65351667

Museet fokuserer på tre luftskipsekspedisjonar med utgangspunkt frå Svalbard: Dei tre mislykka forsøka til Walter Wellman med luftskip 1906–10, sist med luftskipet «America» i 1910; Amundsen-Ellsworth-ekspedisjonen i 1926 og Umberto Nobile sin ekspedisjon med luftskipet «Italia» i 1928.

Det første lokalet til museet låg på vestsida i Longyearbyen, like nedanfor Svalbard kyrkje. Lokalet har tidlegare husa Svalbard museum og hadde før dette vore eit grisefjøs.[3] I 2012 flytta luftskipsmuseet til nye og spesialbygde lokale i sjøområdet i Longyearbyen, like nedanfor Universitetssenteret på Svalbard.[4]

Utstilte gjenstandar

endre

Blant dei utstilte gjenstandane er eit ordensband gjeve av den italienske diktatoren Benito Mussolini til Umberto Nobile og delar av loggboka til luftskipet «Norge».[5]

Kjelder

endre
  1. Jenssen, Eva Therese (11. november 2008). «Spitsbergen Airship Museum opens». www.unis.no. University Centre in Svalbard. Henta 21. november 2014. 
  2. «Spitsbergen Airship Museum open in Longyearbyen». www.forskningsradet.no. Forskningsrådet. 19. januar 2009. Henta 21. november 2014. 
  3. «Airship museum takes flight». Icepeople (på engelsk) (Longyearbyen). 17. mars 2009. Henta 21. november 2014. 
  4. Guhnfeldt, Cato (24. januar 2007). «Luftig prosjekt». Aftenposten (på norsk bokmål) (Oslo). Henta 21. november 2014. 
  5. Sabadin, Vittorio (25. mai 2014). «Salvate Nobile lo ordina l’assicurazione». La Stampa (på italiensk) (Torino). Henta 21. november 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre