Sysselmeisteren på Svalbard

Sysselmeisteren på Svalbard, tidlegare Sysselmannen på Svalbard, er regjeringa i Noreg si øvste representant på øygruppa Svalbard, som er underlagd Justis- og beredskapsdepartementet.[2]

Sysselmeisteren på Svalbard


Hovudkontoret på Svalbard.
Foto: Erlend Bjørtvedt
Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.971456523
Skipa17. juli 1925
EigarJustis- og beredskapsdepartementet
MorselskapJustis- og politidepartementet
HovudkontorLongyearbyen
LandNoreg
Tilsette37[1]
Nettstadsysselmannen.no

Organisasjon

endre

Sysselmeisteren har same myndigheit som ein statsforvaltar, men han er òg politimeister og notarius publicus, i tillegg til å ha andre offentlege funksjonar jf. svalbardlova § 5.[3][4] Han skal vidare sjå etter at rettane og ansvaret Noreg har, etter Svalbardtraktaten, vert overheldt.

Sysselmeisteren på Svalbard vert tilsett for tre år med mogelegheit for ei forlenging med inntil to år. Sysselmeisteren held til i Longyearbyen med totalt 37 personar som arbeider i etaten.[1] Sidan 2021 har Lars Fauske vore sysselmeister på Svalbard.[5]

Den offisielle tittelen sysselmann, og kjend som syslemann, vart endra av regjeringa Solberg til sysselmeister den 1. juli 2021 av di ein ynskja å ha ein kjønnsnøytral tittel.[6] Fylgjeleg fekk sysselmeisteren på Svalbard også ein ny logo.

Tidlegare syslemenn

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Ansatte». Sysselmesteren.no. Henta 2. januar 2023. 
  2. Justis-og politidepartementet (15. november 2006), «Sysselmesteren på Svalbard», Regjeringen.no (på norsk), henta 2. januar 2023 
  3. «Om Sysselmesteren», Sysselmesteren på Svalbard (på norsk bokmål), henta 2. januar 2023 
  4. «Lov om Svalbard [Svalbardloven] - 2net kapitel. Styre og rettspleie. - Lovdata», lovdata.no, henta 2. januar 2023 
  5. «Dagens sysselmester», Sysselmesteren på Svalbard (på norsk bokmål), henta 2. januar 2023 
  6. «Endring av navn fra Sysselmann til Sysselmester», Sysselmesteren på Svalbard (på norsk bokmål), henta 3. januar 2023 
  7. «Tidligere sysselmenn». Sysselmesteren på Svalbard. 3. januar 2023. Henta 3. januar 2023. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.