Svein Bakke

norsk fotballspelar

Svein Bakke (23. juni 195316. desember 2015) var ein norsk fotballspelar og idrettsleiar. Han var i alle år angrepsspelar, nærast ein indreløpar.

Svein Bakke
Fødd 23. juni 1953
Fødestad Askvoll kommune
Død 16. desember 2015
Dødsstad Askvoll kommune

Bakke spelte for Sogndal IL frå 1971 til 1973 og frå 1975 til 1990. 1974-sesongen spelte han for Eidsvold Turn i 2. divisjon. Bakke var sentral då Sogndal i 1976 kom til cupfinalen mot Brann, og rykte opp til 1. divisjon. I semifinalen, då Sogndal slo Steinkjer 3-1 på Guldbergaunet, skåra han alle Sogndal sine mål. Bakke spelte 514 kampar for Sogndal og skåra 321 mål.

Bakke var sportsleg leiar og sportsdirektør i Sogndal Fotball fram til 2005. Han hadde i 1999 eit kortvarig engasjement i den engelske fotballklubben Wimbledon.

Han var far til Eirik Bakke.

Tid som aktiv endre

Klubb Kamper* Mål* Periode
  Noreg Sogndal 514 321 1971-1990

Kjelder endre

  • Bokmålswikipedia
  • Sportsboken. 1976