Svein-Erik Stiansen
Svein-Erik Stiansen (fødd 6. mai 1942) er ein norsk tidlegare skeiseløpar og syklist frå Oslo som vart noregsmeister på skeiser i 1966 og 1967. Han var var ein allrounder, med 1500 meter som sin beste distanse. Medlem i Oslo Skøiteklub.
Svein-Erik Stiansen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 6. mai 1942 (82 år) Oslo |
Idrett | lengdeløp på skeiser, sykkelsport |
Tok del i | Vinter-OL 1972, Vinter-OL 1968 |
Stiansen høyrde til den nasjonale eliten på skeisebana frå 1962 til -72, særleg utmerkte han seg sesongane 1966-69. Vinteren 1966 sigra han i noregsmeisterskapen i Drammen, framom Fred Anton Maier og Per Ivar Moe. Året etter forsvarte han meistertittelen, med stor margin til Maier og Magne Thomassen. I dei internasjonale meisterskapane måtte Stiansen nøye seg med femteplassar i Skeise-VM 1966 og 1967, og i europameisterskapen 1967. Helga 13.–14. januar 1968 sette han verdsrekord i firkamp under eit stemne i Madonna di Campiglio. Med serien 41,8 – 7.27,6 – 2.07,7 og 15.57,1 enda han på 176,982 tidspoeng. Rekorden rauk i Inzell helga etter, då Günter Traub frå Vest-Tyskland forbetra rekorden til 176,717. Stiansen representerte Noreg på 1500 m og 5 000 m i Vinter-OL 1968 og på 1500 m i Vinter-OL 1972. Sjuandeplassen på 1500 m i Grenoble i 1968 vart han beste plassering i vinterleikar.
Stiansen tevla også i sykling, deltok for Sagene IF i lagtempo.
Han er far til Tom Stiansen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Svein-Erik Stiansen» frå Wikipedia på bokmål, den 17. desember 2024.