Opna hovudmenyen

Svein Ove Kvia (27. september 19472. februar 2005) var ein fotballspelar og -trenar frå Stavanger. Han spela i alle år for Viking og står som innehavar av klubbrekorden med i alt 551 kampar for klubben. Kvia vart seriemeister fem gongar i tida 1972-79, samt cupmeister i 1979. «Han hadde en elegant spillestil og et eminent overblikk. Med disse egenskapene styrte han midtbanen og ga laget stabiliteten det trengte».[1] Mellom 1969 og -76 spela han 38 landskampar for Noreg og skåra to mål.

Svein Kvia
Fødd 27. september 1947
Stavanger kommune
Død

2. februar 2005

Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Innhaldsliste

Liv og gjerningEndra

KlubbspelEndra

Kvia vart juniorcupmeister for Viking i 1965. Klubben rykte same sesongen ned frå 1. divisjon, og i løpet av to sesongar i 2. divisjon tok Kvia plass som dirigenten på midtbanen til Viking. Det nyopprykka laget etablerte seg i toppen av norsk klubbfotball og vann bronsemedaljar i serien både i 1968 og -71. Alle dei neste fire sesongane, 1972-75, vart Viking seriemeister. Gjennom desse åra hadde Kvia fast plass på Vikings midtbane. Seinare vann han si tredje seriebronse i 1978, og var med på å vinne eit såkalla «The Double» i 1979. Viking gjekk då til topps i serien, og sigra 2-1 over Haugar i cupfinalen.

LandslagsspelEndra

Kvia debuterte for Noregs A-landslag på Stavanger stadion den 3. juli 1969, i ein kamp som enda med 3-0-siger over Bermuda. Fast plass i Noregs fyrsteellevar fekk han ikkje før i 1973, men fram til han spela sin siste landskamp i 1976 var han alltid aktuell for landslagstrøya. I si tid på landslaget opplevde han få høgdepunkt, det fyrste større kom i september 1974 då Noreg vann 2-1 over Nord-Irland i ein EM-kvalifiseringskamp. 15. mai 1975 skåra han to av måla Noreg slo Finland på bortebane med 5-3. Kvia var også med då Noreg slo Sveits 1-0 i ein VM-kvalifiseringskamp på Ullevål stadion 8. september 1976. To veker seinare spela han siste landskamp då Noreg slo eit redusert svensk landslag med 3-2.

Trenar og leiarEndra

Etter han la opp som spelar i 1980, heldt Kvia fram i Viking som både formann i klubben og trenar for A-laget. Han vart utnemnd til æresmedlem i 1989.

MerittarEndra

  • Seriemeister 1972, 1973, 1974, 1975 og 1979 med Viking
  • Cupmeister 1979 med Viking
  • NM-sølv 1974 med Viking
  • Seriebronse 1968, 1971 og 1978 med Viking

Kvia fekk diagnosen kreft i hjernen, og trass i at han vart operert, døydde han, 57 år gammal.

NotarEndra

  1. [1] Aftenbladet

KjelderEndra