Svein Nestegard

norsk kjøpmann og nynorskmann

Svein Olsson Nestegard (21. mai 187927. desember 1962) var ein norsk kjøpmann, gardbrukar og nynorskmann frå Hol i Hallingdal.

Svein Nestegard
Fødd 21. mai 1879
Død

27. desember 1962 (83 år)

Nestegard var i yngre år butikkmann i Torpo. Frå 1909 til -18 var han styrar av Hol spareforening (handelslag), seinare styrte han Hagafoss Handel frå 1927 til 1954, ei handelsverksemd han var deleigar i. Jamsides dreiv han farsgarden.

Nestegard gjekk i sit tid ein vinter på Voss folkehøgskule. Han var sidan formann i både ungdomslag og fråhaldslag i heimbygda. Dessutan var han både skipar og formann i Hol mållag og i Buskerud mållag , og i fleire år styremedlem i Noregs Mållag. Nestegard var venstremann, i mange valperiodar aktivt med i kommunestyret og formannskapet i Hol, og jamvel formann i jordstyret og fjellstyret i Hol herad.

KjelderEndra