Sveinung Jensson Vævestad

Sveinung Jensson Vævestad (6. april 184921. juni 1898) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Gjerstad i Aust-Agder. Han representerte Venstre.

Sveinung Jensson Vævestad
Fødd6. april 1849
Død21. juni 1898 (49 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, bonde

Vævestad var son til ein gardbrukar og tok i 1883 over farsgarden Vevstad. Han var dessutan heradskasserar i Gjerstad 1893-97. Tida 1882-97 var han medlem av heradsstyret. Han var elles åstadskommissær og hadde mange tillitsverv, både offentleg og sivilt.

Vævestad var vald til 4. representant frå Nedenes amt til Stortinget 1898-1900. Han møtte på tinget 1898-sesjonen. Der han var medlem av Lagtinget og sosialkomiteen. Same sommaren døydde han heime på garden sin i Gjerstad.

KjelderEndra