Sven Martin Nøkleby
norsk politikar
Sven Martin Nøkleby (23. januar 1871–8. juni 1936) var ein norsk dyrlege og politikar frå Kråkstad i Akershus. Stortingsmann 1922–24 for Nordland fylke og partiet Frisinna Venstre.
Sven Martin Nøkleby | |||
Fødd | 23. januar 1871 Kråkstad | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juni 1936 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Frisindede Venstre | ||
Yrke | politikar, veterinær, bonde | ||
Alle verv |
|
Gardbrukarsonen Nøkleby utdanna seg til dyrlege ved veterinærhøgskulen i København. I 1894 fekk han stillinga som fylkesdyrlege i Nordland. Frå 1900 til han døydde var han statskonsulent i husdyrbruk for Nord-Noreg, budde i Bodin. Han var elles styreformann 1912-30 i Nordland landbruksselskap, og siste tida før han døydde formann ved Noregs Bank si avdeling i Bodø.
Nøkleby representerte valkrinsen Nordland på Stortinget 1922-24. Han var vald for Frisinna Venstre, eit parti som hadde statsministeren i 1923/24.