Sven Tore Løksild
norsk politikar frå Arbeidarpartiet
Sven Tore Løksild (fødd 8. mars 1984) er ein norsk økonom og politikar frå Arbeidarpartiet.[1]
Sven Tore Løksild | |||
| |||
Fødd | 8. mars 1984 (40 år) Hjartdal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, handelsskulekandidat | ||
Utdanna ved | Høgskolen i Telemark | ||
Verv | Ordførar i Hjartdal 2011–2015 | ||
Føregangar | Olav Tho | ||
Etterfylgjar | Bengt Halvard Odden | ||
Verv | Fylkesordførar i Telemark 2015–2019 | ||
Føregangar | Terje Riis-Johansen | ||
Etterfylgjar | Terje Riis-Johansen (i Vestfold og Telemark) | ||
Verv | Varaordførar for Vestfold og Telemark 1. januar 2020–1. november 2022 | ||
Alle verv |
Han var fylkesordførar i Telemark fylke frå 2015 til 2019, og blei med det den siste ordføraren i fylket før det blei del av Vestfold og Telemark fylke. Den 29. oktober 2019 blei Løkslid vald til fylkesvaraordførar for Vestfold og Telemark medan Terje Riis-Johansen frå Senterpartiet blei fylkesordførar. Før fylkespolitikken var Løkslid ordførar i heimkommunen Hjartdal.
Etter fylkestingsvalet i 2023 blei han vald til fylkesordførar i nye Telemark fylke.[2]
Løkslid var tilsett i Hjartdal og Gransherad sparebank frå 2008 til 2011.[3]
Kjelder
endre- ↑ «Telemarksavisa - Den nye generasjonen politikere». www.ta.no (på norsk). 11. april 2011. Henta 21. januar 2018.
- ↑ Anne Lisbeth Odinsen. «Enighet i Telemark - Løkslid blir fylkesordfører» (på norsk bokmål). Vestfold og Telemark fylkeskommune. Henta 30. desember 2023.
- ↑ «Sven Tore Løkslid». Telemark fylkeskommune (på norsk bokmål). Henta 21. januar 2018.[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Sven Tore Løksild» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2023.
Bakgrunnsstoff
endre