Hjartdal kommune

kommune i Telemark fylke

Hjartdal kommune er ein kommune som ligg i Telemark fylke og grensar til Notodden i aust, til Tinn i nord og i sør og vest til Seljord. Kommunen har sine noverande grenser frå 1905, då eit mindre område vart overført til Seljord.

Hjartdal kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Sauland
Areal 792 km²
 •  land 740 km²
 •  vatn 52 km²
Folketal 1 630  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Bengt H. Odden (Ap)
Kommunenr. 4024
Kart
Hjartdal kommune
59°39′54″N 8°43′34″E / 59.665°N 8.726111°E / 59.665; 8.726111
Wikimedia Commons: Hjartdal
Nettstad: www.hjartdal.kommune.no

Administrasjonssenteret i Hjartdal er Sauland. Lokalavisa er Telen, som òg dekkjer to andre kommunar.

Kommunenamn og -våpen

endre

Namnet «Hjartdal» stammar truleg frå eit eldre namn Hjarta på Hjartdøla, av dyrenamnet «hjort». Ein person frå Hjartdal vert kalla for hjartdøl.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 17. februar 1989. Motivet er på grøn grunn ein ståande sølv hjort og viser til ein mindre hjortestamme som held til innan kommunen.

Geografi

endre
 
Gaustakne, ein av dei lågare toppane på Gaustatoppen

Busetnaden i Hjartdal er for det meste spreidd. Kommunen har ingen tettstader, men tre mindre bygder, Tuddal, bygda Hjartdal og kommunesenteret Sauland. Landskapet i Hjartdal utgjer for det meste fjell og hei, og om lag ein fjerdedel av kommunen ligg innan landskapsområdet Brattefjell-Vindeggen. Sør for det største dalføret ligg Mælefjell på 1413 moh. ved grensa til Seljord og i nordvest Vindeggen på 1516 moh. Det høgste punktet i kommunen ligg på ryggen opp mot Gaustatoppen og er på 1615 moh.

Næringsliv

endre
 
Utsyn over innsjøen Hjartsjåvatnet, sett mot aust

Skog- og jordbruk er viktige næringar i kommunen, hovudsakleg med husdyrhald kombinert med skogdrift og andre næringar, som anleggs- og byggearbeid. I Sauland vert det dyrka korn, sidan jordbotnen, terrenget og klimaet dannar eit gunstig grunnlag for dette. Av dei yrkesaktive har nærare halvparten arbeid utanfor kommunen, særleg i Notodden og i Seljord. Turisme er ei viktig næring i fjellbygda Tuddal, med me.a. fleire hytter i området. Det er tre kraftverk i kommunen med ein årleg kapasitet på 114 MW. Størst av desse er Hjartdøla attmed Hjartsjåvatnet som vert drive av vassdraga vest for Tuddal og nord for det største dalføret i kommunen.

Samferdsle

endre

Europaveg 134 (Drammen–Haugesund) passerer kommunen i sør og langsmed denne vegen ligg bygdene Hjartdal og Sauland. Frå Sauland er det veg gjennom Tuddal, vidare langsmed austsida av Gausta til Rjukan med passhøgd 1260 moh. Den øvre delen er stengd vinterstid.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre

59°36′46″N 8°56′57.9″E / 59.61278°N 8.949417°E / 59.61278; 8.949417