Brugde (Cetorhinus maximus) er ein haiart som kan verta over 13 meter lang og vege opp til 19 tonn. Brugde er med det den nest største fisken i verda, etter kvalhaien.Fisken lever i Nord-Atlanteren og Stillehavet. Om sommaren finst han langs norskekysten, nord til Norskehavet.

Brugde
Brugde
Brugde
Utbreiing og status
Status i verda: EN Sterkt trugaUtbreiinga av brugde
Utbreiinga av brugde
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Bruskfiskar Chondrichthyes
Orden: Lamniformes
Familie: Cetorhinidae
Slekt: Cetorhinus
Art: Brugde C. maximus
Vitskapleg namn
Cetorhinus maximus

Føde

endre
 
Brugde filtrerer maten i Dursey Sound

Brugda sym gjennom vatnet og filtrerer maten i seg på ein passiv mate. Maten er dyreplankton og virvellause dyr, spesielt små krepsdyr. Brugdene finn maten i eller nær overflata der dei sym med vidopne munnar og gjellehåra oppreiste.

Fangst

endre

Brugder vart fanga med harpun i Noreg frå 1750 til 1820, men fangst er no ulovleg. Fangst av brugder er attraktivt på grunn av den store, næringsrike levra. Levra kan utgjera 25 % av vekta til ei brugda. På grunn av den låge formeiringsfrekvensen skal det lite fangst til for å truga bestanden. På verdsbasis er brugda i dag truga grunna overfiske.

Kjelder

endre
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.