Opna hovudmenyen

Svend Foyn Bruun

norsk politikar

Svend Foyn Bruun (1. desember 188331. mai 1956) var ein norsk sjømann og skipsreiar, med vekt på kvalfangst, samt politikar for partiet Høgre.

Svend Foyn Bruun
Fødd1. desember 1883
Død31. mai 1956
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar
Utdanna vedSjøkrigsskulen
FarCarsten Henrik Bruun

Bruun, som var son til ein kvalfangar i Tønsberg, reiste til sjøs i 1899. I 1904 tok han eksamen ved sjøkrigsskulen i Horten. Han studerte språk i Frankrike 1904–05, og språk og historie ved University of Oxford i 1905. Under den politiske krisa i 1905 gjorde han teneste i marinen. Fram til 1911 siglde han i koffardifart, vesentleg som skipper. Fra 1911 til 1914 leia han kvalfangstekspedisjonar med flytande kvalkokeri.

I 1919 starta han og Anton von der Lippe skipsreiarlaget Bruun & von der Lippe i Tønsberg, eit selskap som disponerte fleire skips- og kvalfangstselskap. Bruun & von der Lippe starta mellom anna i 1928 Hvalfangerselskapet Antarctic A/S og Hvalfangerselskapet Pelagos A/S. Bruun deltok same året i etableringa av Hvalfangerselskapet Kosmos A/S, og i 1930 av Hvalfangerselskapet Kosmos II A/S. Seinare var han styreformann i desse selskapa. Etter andre verdskrigen skilde Bruun og von der Lippe lag. Bruun overtok Pelagos, medan von der Lippe overtok Antarctic.

Bruun budde på garden Aker i Sem, og var medlem av Sem heradsstyre 1920–25. Han representerte Vestfold fylkeStortinget 1925–36, der han var medlem av næringskomiteen 1925–30, Sjøfarts- og fiskerikomiteen 1931-33 og finans- og tollkomiteen 1934–36.

Bruun vart utnemnd til riddar av den svenske Nordstjerneordenen og mottok ei tyrkisk fortenstemedalje. Svend Foyn var ein grandonkel.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra