Svenner fyrstasjon
- Denne artikkelen handlar om fyret og øya i Noreg. For øya i Antarktis, sjå Svenner i Antarktis.
Svenner fyrstasjon er eit fyr som ligg på øya Korpekollen i øygruppa Svenner i Larvik kommune i Vestfold.
| |||
Fylke | Vestfold | ||
---|---|---|---|
Kommune | Larvik | ||
Funksjon | Kystfyr | ||
Oppretta | 1874 | ||
Koordinatar | 58°58.1502′N 10°08.8704′E / 58.9691700°N 10.1478400°E | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 18,7 | ||
Form | Fyrbygning med tårn | ||
Byggjemateriale | Støypejern | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Okkulterande blink kvart 10. sek. | ||
Lyshøgd | 40,3 moh. | ||
Lysvidde | 12,8 nm | ||
Status | |||
Eigar | Staten | ||
Automatisert | 2003 | ||
Avfolka | 2002 | ||
Vernestatus | Freda etter lov om kulturminne | ||
Svenner fyrstasjon 58°58′20″N 10°08′40″E / 58.9722°N 10.1444°E | |||
Fyret vart første gong tent 22. oktober 1874. Det opphavlege tårnet var bygd i stein av fangar som sat på Akershus festning. I 1900 vart det eksisterende tårnet i støypejern bygd. Tårnet har ei høgd på 18,7 m og lyshøgda er 40,3 meter over havet. Lysvidda til fyer er på 12,8 nautiske mil. Fyret vart avfolka i slutten av 2002 og automatisert i 2003. Fyret med tilhøyrande bygningar vart freda i 1997.
Vestfold Fylkeskystlag med samarbeidspartnarar leiger per 2008 fyret av Kystverket. Fyret er tilrettelagt for utleige.
I kystleisesongen 30. juni–12. august vert Svenner fyr drifta av lokale vertskapsfamiliar.
Namnet Svenner kjem av det norrøne Sveinar, som tyder 'gutar, karar', utan at ein kjenner bakgrunnen for dette.
-
Fyrvaktarbygningen (t.h.) og reserveassistenbustaden
-
Steinhuset
Bakgrunnsstoff
endreSjå òg
endreKjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Svenner fyr» frå Wikipedia på bokmål, den 1. oktober 2008.
Andre kjelder
endre- «Norsk fyrliste 2008» (PDF). Kystverket. 2008. s. 759. Arkivert frå originalen (PDF) 19. juli 2011. Henta 8. november 2020.
- «Svenner fyrstasjon». Norsk Fyrhistorisk Forening.
Bakgrunnsstoff
endre- Svenner fyrstasjon i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren