Svenningdalen

dal i Grane i Nordland

65°22′57″N 13°22′57″E / 65.38250°N 13.38250°E / 65.38250; 13.38250 Svenningdalen er eit dalføre i Grane kommune i Nordland. Det strekkjer seg frå Store Majavatnet (310 moh.) ved grensa til Nord-Trøndelag og nordover til Trofors. Staden er spreidd busett, i alt ca. 225 innbyggjarar i 2001. Det er mykje skogbruk og trevareindustri. I nord ligg nedlagde Svenningdal gruver som var i drift 1877–1900. E 6 og Nordlandsbanen med stasjonen Svenningdal følgjer dalføret. Det er veg over fjellet til Tosbotn og vidare til Brønnøysund via fylkesveg 76. Langs dalbotnen renn Svenningdalselva, ei sideelv til Vefsna.

Første ledd i namnet er truleg ei avleiing av norrønt sviðning, som tyder på at gardar i dalen var rydda ved brenning.

Kjelder

endre

«Svenningdalen» i Store norske leksikon, snl.no.