Kjersti Holmen

norsk skodespelar

Kjersti Holmen (8. februar 195626. september 2021) var ein norsk skodespelar som verka innan teater, fjernsyn og film.

Kjersti Holmen
Fødd8. februar 1956
FødestadOslo
Død26. september 2021 (65 år)
DødsstadØkernhjemmet
Aktive år1980–2012
Verka somfjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleReidar Sørensen, Sverre Anker Ousdal
SambuarReidar Sørensen, Sverre Anker Ousdal
BornElias Holmen Sørensen
PrisarPer Aabels ærespris, Amandaprisen for beste kvinnelige hovedrolle, Amandakomiteens ærespris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden

Holmen utdanna seg ved Statens Teaterhøgskole, og debuterte som skodespelar i 1980. Debuten kom i teaterkomedien Mannfolk av Arild Feldborg. I 1985 slo ho gjennom som filmskodespelar i Orions belte. Ho spelte også i fjernsynsseriar.

I 2009 blei Holmen utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden «for hennes innsats for norsk scenekunst».[1]

Den siste større teaterrolla hennar var tittelrolla i Frøken Julie av August Strindberg i 2012. Etter dette trekt ho seg frå teateret grunna sjukdom.[2] Ho døydde på Økernhjemmet 26. september 2021.[3]

Holmen hadde sønene Elias Holmen Sørensen og Isak Holmen Sørensen, begge skodespelarar, med skuespiller Reidar Sørensen. Seinar blei ho sambuar med Sverre Anker Ousdal.[4]

RollelisteEndra

(utval)

Prisar og utmerkingarEndra

KjelderEndra

  1. Utnevnelse til St. Olavs Orden, kongehuset.no, henta 16. november 2009.
  2. NTB, Solveig Ruud og Thomas Olsen (26. september 2021). «Skuespiller Kjersti Holmen er død» (norsk bokmål). Henta 26. september 2021. 
  3. Espen Kjendlie (26. september 2021). «Kjersti Holmen er død» (norsk bokmål). NRK. Henta 26. september 2021. 
  4. «Kjersti Holmen». nrk.no. 23. oktober 2007. Henta 27. januar 2021. 

BakgrunnsstoffEndra