Sverre Øyvind Sørnes (fødd 20. februar 1945) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Strandebarm i Hordaland, som oftast tevla i 3000 meter hinder. Perioden 1970-77 vart han fem gongar norsk meister i øvinga. Han vann hinderløpet under europacupen for landslag i 1971. Same året sprang han sitt snøggaste hinderløp nokon gong, 8.26,4 var ei tid i verdstoppen, og nokre veker seinare vart han klokka inn på 3.42,9 og endeleg personleg rekord på 1500 meter. Sørnes var medlem av Øystese Idrottslag og frå 1969 av Idrottslaget Gular i Bergen.

Sverre Sørnes
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1945 (79 år)
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1972

Aktiv endre

Sørnes satsa ikkje stort på friidrett før 1968. Han deltok på lokale stemne for Øystese IL og gjorde ikkje noko løp av nasjonalt nivå før oktober 1968. På eit stemne på Krohnsminde stadion i Bergen vart han då nummer to på 3000 meter hinder, tida 9.09,0 gav han åttandeplassen på den norske årsstatistikken.

I 1969 hadde Sørnes stor framgang og sprang seg inn i noregseliten på hinderdistansen med tida 8.42,6, eit resultat han oppnådde då han vart nummer tre i eit stemne i Århus i Danmark. Han byrja delta i landskampar for Noreg, jamsides Arne Risa som i same sesongen sette norsk rekord med 8.34,4. I 1970 forbetra Sørnes den personlege rekorden til 8.38,2 då han vann hinderløpet under semifinalen i europacupen for landslag. I NM i Kristiansand vart han same sesongen klart slått av Ståle Engen, ein løpar som tidlegare i sesongen hadde sett ny norsk rekord på distansen med 8.31,4.

Sørnes tok over den norske rekorden på 3000 meter hinder den 30. juni 1971. På Bislett stadion kom han i mål på sterke 8.26,4 og tok ein klar siger i landskampen mot Sverige. Tida var vel fire sekundar bakom verdsrekorden på distansen, og den femte beste i verda i 1971-sesongen. I august månad fekk han sin fyrste NM-tittel, då han spurtslo Arne Risa på Hamar. Men under EM 1971 i Helsingfors vart Sørnes nummer fem i det tredje og siste kvalifiseringsheatet. Han kom i mål på tida 8.35,2 og var dermed den beste løparen av dei som ikkje fekk plass i det tolv mann store finalefeltet.

Fram til 1977 heldt Sørnes seg mellom toppane på 3000 meter hinder i Noreg. Tidsmessig klarte han ikkje å gjenta prestasjonane frå 1971-sesongen, men han sikra seg likevel fire NM-gull i perioden 1973-77.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1969: Sølv på 3000 m hinder – 8.54,8, bakom Arne Risa (8.43,8)
  • 1970: Sølv på 3000 m hinder – 8.52,2, bakom Ståle Engen (8.39,4)
  • 1971: Gull – 8.43,2, framom Arne Risa (8.43,6)
  • 1973: Gull – 8.43,0, framom Jan Voje (8.44,8)
  • 1974: Gull – 8.40,0, framom Jan Voje (8.47,4)
  • 1976: Gull – 8.47,0, framom Steinar Gressløs (8.51,2) og Arne Risa (8.51,4)
  • 1977: Gull – 8.53,0, framom Steinar Gressløs (8.53,4)

Internasjonale stemne endre

  • Semifinale i europacupen 1970: Vinnar – 8,38,2, framom Kazimierz Maranda (8.39,8)
  • EM i friidrett 1971 i Helsingfors: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m hinder (=nr 13)
  • OL 1972 i München: Utslått i kvalifiseringa på 3000 m hinder (8.54,8)

Kjelder endre

  • Friidrott-72
  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff endre