Svetogorsk (russisk Светого́рск, finsk Enso) er ein industriby i Leningrad oblast i Russland med om lag 15 000 innbyggjarar. Han ligg på Det karelske neset, ved elva Vuoksa, ein kilometer frå den russisk–finske grensa og fem kilometer frå den finske byen Imatra.

Svetogorsk
Светогорск
Horisonten til
Horisonten til
Byåpenet til
Byvåpenet til


Plassering
Svetogorsk is located in Russland
Svetogorsk is located in Leningrad oblast
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Leningrad oblast
Grunnlagd 1887
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)

15 327
Koordinatar 61°06′30″N 28°51′30″E / 61.10833°N 28.85833°E / 61.10833; 28.85833
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 81378
Nettstad: svetogorsk.ru

Byen vart grunnlagd i 1887 som Enso. Under den andre verdskrigen vart den opphavlege karelske folkesetnaden evakuert til Finland og sovjetiske borgarar flytta til byen etter krigen (hovudsakleg frå Ukraina, Kviterussland og Russland) og i 1948 vart byen omdøypt til Svetogorsk.

Industri endre

Før vinterkrigen var byen heimstad for store fabrikkar som høyrte til det finske tremasse- og papirkonsernet Enso-Gutzeit Oy (no Stora Enso). I fredsavtalen vart den nye finsk-sovjetiske grensa bevisst trekt for å etterlate fabrikkomplekset på sovjetisk side. Den største verksemda i byen er framleis tremasse- og papirindustri.

OAO Svetogorsk, ein av dei største papirfabrikkane i Russland, er den største arbeidsgjevaren i byen. Med eit fabrikkområde på to kvadratkilometer produserer OAO Svetogorsk tremasse, papir og kartong. Sidan desember 1998 har OAO Svetogorsk hatt International Paper som majoritetseigar. Ved utgangen av 2001 arbeidde 3 000 menneske på fabrikken.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre