Svir
elv
Land  Russland
Del av Unified Deep Water System of European Russia
Nedslagsfelt 84 400 km²
Lengd 224 km
Middelvassføring 785 /s
Kjelde Onega
Munning Ladoga
Kart
Svir
61°0′32″ N 35°29′30″ E
Wikimedia Commons: Svir River

Svir (russisk Свирь, finsk Syväri, estisk Sviri) er ei elv i Leningrad oblast i Russland. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt på 84 400 km². Svir renn frå Onega og vestover til Ladoga, og renn dermed mellom dei to største innsjøane i Europa. Elva har ei middelvassføring på 785 m³/s og er den største elva som munnar ut i Ladoga.

Heilt sidan Peter den store knytte saman elvane Svir og Neva med Ladogakanalen har elva vore ein del av Volga-Austersjøkanalen og forløparane til denne. Det er to vasskraftverk langs Svir.

Elva passerer Aleksandr-Svirskij-klosteret, som pleide å hyse Svirlag, ein av dei mest frykta gulagane. Områda rundt elva var åstad for kraftige kampar under den finske framhaldskrigen frå 1941 til 1944.

Største sideelvar endre

Byar langs Svir endre

Kjelder endre