Sweet Lady Genevieve

Sweet Lady Genevieve
Singel av The Kinks
frå albumet Preservation Act 1
B-side

«Sitting in My Hotel»

Utgjeve 21. september 1973 (Storbritannia)
Innspelt Juni 1973 i Konk Studios i London
Sjanger Rock, folkrock
Lengd 3:26
Selskap RCA 2418
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Sitting in the Midday Sun»
(1973)
Sweet Lady Genevieve «Where Have All the Good Times Gone» (1973) - Storbritannia

«Money Talks»
(1974) - USA


«Sweet Lady Genevieve» er ein song av The Kinks frå 1973 og albumet Preservation Act 1. Songen vart skriven av Ray Davies.

Tekst endre

«Sweet Lady Genevieve» er ein del av ein rockeopera og teksten vart sugen av Davies som «Omstreifaren», ein av hovdpersonane i soga. Omstreifaren ber her om tilgjeving frå dne tidlegare kjærasten, Genevieve. Forfattaren Andrew Hickey sa i boka si Preservation: The Kinks' Music 1964-1974, at songen var «Ray Davies sitt forsøk på å nå ut til den framandgjorde kona Rasa.»[1] Omstreifaren dukkar opp att seinare på albumet på «Sitting in the Midday Sun».[2]

Utgjeving endre

Songen vart gjeven ut på singel i Storbritannia (men ikkje i Amerika, der han vart nytta som B-side til «Sitting in the Midday Sun») med «Sitting in My Hotel», (frå det førre albumet Everybody's in Show-Biz) som B-side. Singelen selde derimot dårleg og gjekk ikkje inn på lista.[3]

Mottaking endre

Sjølv om «Sweet Lady Genevieve» ikkje selde godt, har han sidan blitt godt likt av musikkritikarane. Hickey hevda «det kan vere den siste verkeleg store Kinks-songen».[1] AllMusic-skribenten Stephen Thomas Erlewine kalla songen «absolutt vedunderleg» og meinte han var «den verkelege kandidaten til Davies sitt gløymde meisterverk».[4] Jason Josephes frå Pitchfork Media sa at «Sweet Lady Genevieve» er ein av «dei største singlane til Kinks, ein enkel folkrocksong du vil nynne på i dagevis».[2] Songen er sidan gjeven ut på samlealbumet Picture Book.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Hickey, Andrew. Preservation: The Kinks' Music 1964-1974. s. 185–186. 
  2. 2,0 2,1 Josephes, Jason. «Pitchfork Media». Arkivert frå originalen den 23. desember 2001. Henta 24. april 2018. 
  3. «Awards». 5/7/2014. 
  4. Erlewine, Stephen Thomas. «AllMusic». Henta 24. april 2018.