Where Have All the Good Times Gone

Where Have All the Good Times Gone
Singel av The Kinks
frå albumet The Kink Kontroversy
A-side

Till the End of the Day

Språk engelsk
Utgjeve
  • 19. november 1965 (Storbritannia)
  • 2. mars 1966 (USA)
Innspelt 23–30. oktober 1965
Studio Pye (nr. 2), London
Sjanger Rock, garasjerock
Lengd 2:49
Selskap
Komponist Ray Davies
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
Britisk The Kinks-kronologi 
See My Friends
(1965)
Where Have All the Good Times Gone Dedicated Follower of Fashion
(1966)
Amerikansk The Kinks-kronologi
A Well Respected Man
(1965)
Where Have All the Good Times Gone Dedicated Follower of Fashion
(1966)


«Where Have All the Good Times Gone» er ein song av det engelske rockebandet The Kinks skriven av Ray Davies. Han vart først gjeven ut som B-sida til singelen «Till the End of the Day» og så på albumet The Kink Kontroversy i 1965.

Musikalsk har songen element av engelsk folkrock, som snart skulle verte den dominerande stilen for bandet utover 60-talet. Ray Davies syng om ønske om å få tilbake dei gode gamle dagane med linjer som, «Well once we had an easy ride and always felt the same / Time was on our side and I had everything to gain / Let it be like yesterday / Please let me have happy days», medan han seinare skeptisk syng om den eldre generasjonen som alltid snakkar om kor mykje betre alt var før i tida, «Ma and Pa look back at all the things they used to do / Didn’t have no money and they always told the truth / Daddy didn’t have no toys / And mummy didn’t need no boys».[1] På dette punktet i songen har tydinga av refrenget snudd og høyrest meir ut som ein hån.[1] I siste vers har nostalgien blåst over til ein harme over generasjonskløfta og Davies kjem med den hånlege kommentaren «Well, yesterday was such an easy game for you to play / But let’s face it things are so much easier today / Guess you need some bringing down / And get your feet back on the ground»[1]

Andre versjonar

endre

Songen har fått status som ein klassikar og er med på mange samleplater. Han har òg vorten spelt av David Bowie på albumet Pin Ups og av Van Halen på albumet Diver Down. Dette var den andre The Kinks-songen Van Halen spelte i lag med «You Really Got Me».

Etter Bowie si utgåve kom ut, gav Pye ut songen som singel i november 1973 med «Lola» som B-side, men gjekk ikkje inn på salslistene.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre