Sitting in the Midday Sun

Sitting in the Midday Sun
Singel av The Kinks
frå albumet Preservation Act 1
B-side

«Sweet Lady Genevieve» (USA); «One of the Survivors» (Storbritannia)

Utgjeve Juni 1973 (Storbritannia); August 1973 (USA)
Innspelt Juni 1973 i Konk Studios i London
Sjanger Rock, folkrock, varieté
Lengd 3:47
Selskap RCA 2387 (U.K.)
RCA LPBO 5001 (U.S.)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
Britisk The Kinks-kronologi 
«Celluloid Heroes»
(November 1972)
Sitting in the Midday Sun «Sweet Lady Genevieve» (September 1973)
Amerikansk The Kinks-kronologi
«One of the Survivors» (April 1973) Sitting in the Midday Sun «Money Talks» (April 1974)


«Sitting in the Midday Sun» er ein song av det britiske rockebandet The Kinks, skriven av Ray Davies. Songen vart spelt inn i juni 1973 og gjeven ut på singel i USA og Storbritannia same året. Han fekk generelt god omtale, men selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene. «Sitting in the Midday Sun» vart gjeven ut på Preservation Act 1, i november 1973.

Bakgrunn og innspeling endre

Doug Hinman estimerer at «Sitting in the Midday Sun» var den første songen som vart spelt inn i The Kinks nye Konk Studios.[1] Songen vart spelt inn kring 8. juni, og vart klargjort for det komande albumet til gruppa.[1]

Utgjeving endre

Songen vart gjeven ut med B-sida «One of the Survivors» for i Storbritannia, der han kom ut i juni. I USA kom singelen ut med B-sida «Sweet Lady Genevieve». Kritikarane var stort sett samde om at det var ein fin sommarlåt, men songen selde likevel ikkje godt nok til å nå salslistene nokon stad.[1]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Hinman 2004, s. 173

Bakgrunnsstoff endre