Sydpolbrevet
Sydpolbrevet er brevet Roald Amundsen, på sin Fram-ekspedisjon, la att på Sydpolpunktet i 1911 etter at han var den fyrste som kom til polen. Brevet var adressert «Deres Majestet», Kong Haakon VII, og blei plukka opp av Robert Falcon Scott og Terra Nova-ekspedisjonen ein månad seinare og så igjen av blant anna Tryggve Gran då Scott-partiet omkom på polisen.
Brevet består av eit ark tekst, to konvoluttar, ei tøymappe og to fotografi og er datert 15. desember 1911. Det er ein del av Noregs dokumentarv, eit register over dei viktigaste dokumenta i norsk historie.[1] Registeret er ein nasjonal utgåve av verdsminne-programmet til UNESCO (Memory of the World).
Funnet av brevet er skildra i dagboka til Scott. Gran skriv også om brevet då dei fann Scott-partiet. Brevet blei så bringa til vinterkvarteret til ekspedisjonen og lagt i ein konvolutt og adressert til Kong Haakon med frimerke. Mest sannsynleg blei det så bringa til England før Noreg. Kong Olav V overleverte brevet som ein del av kongegåva til Universitetsbiblioteket i 1973. I dag er brevet i Nasjonalbiblioteket.[2]
Kjelder
endre- ↑ «Sydpolbrevet fra Roald Amundsen til Kong Haakon 1911 - Norges dokumentarv - kulturradet.no». www.kulturradet.no. Arkivert frå originalen 5. oktober 2015. Henta 20. mai 2016.
- ↑ Nasjonalbiblioteket. «Sydpolbrevet - Nasjonalbiblioteket». www.nb.no. Henta 20. mai 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Sydpolbrevet» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2024.