Opna hovudmenyen

Koordinatar: 62°23′4″ N 6°34′3″ E

Sykkylvsbrua

Sykkylvsbrua er ei bru som kryssar Sykkylvsfjorden i Sykkylven kommune i Møre og Romsdal. Brua er 860 meter lang, lengste spenn er 60 meter, og seglingshøgda er 16 meter. Brua har 15 spenn.

Sykkylvsbrua vart opna 14. oktober 2000, og anlegget hadde då kosta 140 millionar kroner. Brua er bompengefinansiert, og innkrevinga av bompengar er rekna med skal vara til 2016.

Brua går mellom krinsane Vik og Ikornnes.

Sjå ògEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sykkylvsbrua