Opna hovudmenyen

Koordinatar: 62°23′57.401″N 6°33′2.1528″E Sykkylvsfjorden er ein knapt ni kilometer lang botnfjord i Sykkylven kommuneSunnmøre. Fjorden er ein arm av Storfjorden.

Han har innløp mellom Ørsneset i aust og Blægjeneset ved Blakstad i aust. Sjølve Sykkelven ligg på austsida like innanfor innløpet. På andre sida av fjorden ligg Ikornnes og her kryssar Fv71 fjorden via den 860 meter lange Sykkylvsbrua. Fjorden held fram sørover til Straumgjerde. Riksveg 60 går langs heile austsida av fjorden.

Den største djupna i fjorden er 247 m, heilt ute mot Storfjorden. Fjorden elles er grunn og smal, under 1 km brei og på det trongaste 200 m.