Fylkesveg 60

veg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane
(Omdirigert frå Riksveg 60)
Fylkesveg 60
60
Strekning
Blindheim i Ålesund – Byrkjelo i Gloppen
Fylkesveg 60
Informasjon
Lengd 160,7 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 60 Fylkesveg 60
650 via ferje
Sjå òg Fylkesveg 60 (fleirtyding)

Fylkesveg 60 (Fv60) går mellom Blindheim i Ålesund og Byrkjelo i Gloppen. Vegen er ein viktig alternativ veg til E39 mellom Ålesund og Byrkjelo (og vidare med E39 til Bergen). Fv 60 har berre ei ferje medan E39 har tre. Veglengda (bortsett frå ferjestrekninga og felles trasé med riksveg 15) er 160,7 km, av dette 82,3 km i Møre og Romsdal og 78,4 km i Sogn og Fjordane. Vegen har ei ferjestrekning (Magerholm-Ørsneset) og dessutan tilknyting til 650 via ferje Stranda-Liabygda. I sommarhalvåret er det tilknyting til 63 med turistferje på Geirangerfjorden.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trod i kraft har han status som fylkesveg.

Historie endre

Vegen mellom Stranda og Hellesylt (Ljøvegen) vart opna i september 1962 og gav ferjefri veg mellom Stranda, Hellesylt og Hornindal.[1] Før heilårsvegen Stryn-Grotli (riksveg 15) vart opna, gjekk trafikken vinterstid frå indre Nordfjord til Austlandet via Hellesylt-Stranda-Sykkylven og vidare til Åndalsnes. Ferjesambandet Hellesylt-Stranda vart lagt ned våren 1963.[2] Etter opning av Kvivsvegen er det også ferjefritt samband mellom Stranda/Sykkylven og Ørsta/Volda. Dagens fylkesveg mellom Byrkjelo og Stranda følgjer stort sett same trase som Den trondhjemske postvei oppretta på slutten av 1700-talet.

Kommunar og knutepunkt endre

  Møre og Romsdal endre

Ålesund
Sykkylven
Stranda
  • Arm til Stranda ferjekai (1,6 km)
  • Fv81 frå Korsbakken til Engeset (4,6 km)
  •   Ljønibbtunnelen/Hamregjøltunnelen (3090 m)
 
Hellesylt

  Sogn og Fjordane endre

 
Gamle Horndøla bru, Hornindalsrokken i bakgrunnen
Hornindal
 
Fv 60 gjennom Markane i Stryn
 
Loen. Fv 60 går langs fjorden (òg i bakgrunnen).
Stryn
  • 613 Bleksvingen
  • Fv721 frå Svarstad til Faleide (1,3 km)
  •     Stryn
  •   Stavenestunnelen (111 m)
  • Fv723 frå Loen til Bødal (14,3 km)
  •   Tyvanestunnelen (197 m)
  • Fv724 frå Olden til Briksdalen (22,1 km)
  •   Vanbergtunnelen (94 m)
  • Fv5725 frå Utvik til Moldreim (10,1 km)
Gloppen

Bakgrunnsstoff endre


Kjelder endre

  1. Sunnmørsposten 20. desember 2012, s.3.
  2. Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000.