Opna hovudmenyen

Sylvester Sivertson (12. september 18096. desember 1847) var ein norsk diktar og redaktør frå Skjåk.

Sylvester Sivertson
Fødd 12. september 1809
Død

6. desember 1847

Yrke redaktør, lyrikar

LivEndra

Han var son av bonden Sivert Sivertson og Anne Olsdotter. Faren var ein streng haugianar, og sonen kom ogso til å gjeva ut eit verk om haugianismens historie (1833). Den fyrste utdanninga fekk han av stortingsmannen og kyrkjesongar Lars Jensen frå Hedmark. Omkring 1828 kom han til Trondheim, der han byrja i handelslære hjå kjøpmann Ole H. Dahl, men han fann fort ut at dette yrket ikkje passa han, og hjå stortingsmannen Michel Grendahl fekk han pengar til å studere. So fekk han undervising hjå sokneprest N. B. Flood i Kvikne og hjå adjunkt A. H. Kaurin i Trondheim, og kunne i 1835 ta artium med haud.

Same år byrja han å publisere dikt i avisene og å ta del i offentlege diskusjonar, blant anna med eit anonymt innlegg i «Demringsfeiden». Frå no av til sin død livde han av sin penn. I Kristiania vart han formann i Studentersamfundet, og medarbeidar i «Statsborgaren». Seinare var han redaktør for «Lillehammer Tilskuer (1841–42) og «Drammens Adresseefterretninger» (1845–47).

DiktargjerningarEndra

Som diktar gjorde Syvertson ei omsetjing av Tegnérs Svea (1835), og offentleggjorde ei rekkje dikt under pseudonymet «Urdsongis». Etter hans død lét broren Ole Sivertson i 1848 trykke eit utval av dikta samen med ein biografi om diktaren. Han vert kanskje best hugsa for sine dikt om Polens sak: «Polonia», «Grevinde Platers Kampsang» og «Grevinde Platers Kampbøn».

TriviaEndra

Sylvester Sivertson har fått «Sylvester Sivertsons gate» i Trondheim oppkalla etter seg.

VerkEndra

  • Haugianismen, dens Historie og Væsen (1833)
  • Udvalgte Digte af Silvester Syvertson (1848)

OmsetjingarEndra

  • Esaias Tegnér: Svea (1835)
  • Johan Johansson: Om et nyt Foreningsfordrag imellem Sverige og Norge (1837)

BakgrunnsstoffEndra