Symfoni nr. 10 av Mozart

Symfoni nr. 10 i G-dur, K. 74, vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart, truleg under den første reisa hans til Italia våren 1770.[1]

Symfoni Nr. 10 i G-dur,
KV. 74
Symfoni av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1770
Typisk lengd8:05
Satsar/akter3
ToneartG-dur

Symfonien er skriven for to oboar, to horn og strykarar. Stykket varer om lag 9 minuttar. Symfonien har form som ein italiensk overture og består av satsane:

  1. (AllegroAndante) 4/4 – 3/8
  2. Allegro, 2/4

På det signerte partituret, som ikkje inneheld nokre merknader av Mozart, står det skrive «Ouverture zur Oper Mitridate» (Ouverture for opera Mitridate) skriven av Johann Anton André, som så er stryke over, bortsett frå ordet «Ouverture».[2] André trudde tydlegevis at stykket var meint som ein overture til Mitridate, re di Ponto (som har ein annan overture enn denne symfonien).

Kjelder endre

  1. Neue Mozart-Ausgabe vol. IV/11/2, Kassel: Bärenreiter 1985, s. 67 ff. (online)
  2. Gerhard Allroggen (ed.), Kritischer Bericht zur Neuen Mozart-Ausgabe Serie IV, Werkgruppe 11 Band 2, Kassel: Bärenreiter 1985, s. b/13 ff. (online)

Bakgrunnsstoff endre