Mitridate, re di Ponto

Mitridate, re di Ponto (Mithridates, kongen av Pontus), K. 87 (74a), er ein tidleg opera seria i tre akter av Wolfgang Amadeus Mozart. Librettoen er av Vittorio Amadeo Cigna-Santi etter den italienske omsetjinga til Giuseppe Parini av Jean Racine.

Mitridate, re di Ponto
K. 87
Opera av Wolfgang Amadeus Mozart

SjangerOpera
PeriodeWienerklassisismen
Komponert1770
Urframføring26. desember 1770
Typisk lengd178:06
Satsar/akter26 (3 akter)
Libretto avVittorio Amadeo Cigna-Santi

Mozart skreiv Mitridate medan han reiste i Italia i 1770. Musikkforskaren Daniel E. Freeman har nyleg vist at han vart komponert tett inntil operaen La Nitteti av Josef Mysliveček.[1] Sistnemnde var under førebuinga til ei oppsetjing i Bologna då Mozart møtte Mysliveček første gongen i lag med faren i mars 1770. Mysliveček vitja familien Mozart fleire gonger i Bologna sommaren 1770 medan Wolfgang arbeidde på Mitridate. Mozart fekk erfaring i komponering frå den eldre venen sin og nytta somme av dei musikalske temaa hans i sin eigen opera. Operaen vart først framført ved Regio Ducal Teatro i Milano den 26. desember 1770 (under karnevalet i Milano). Det vart ein suksess og vart framført 21 gonger trass i at Mozart berre var 14 år då han skreiv operaen. Operaen vart neste gong først framført på 1900-talet.

Roller

endre
Rolle Stemme Premierebesetning, 26. desember 1770
(Dirigent: Wolfgang Amadeus Mozart)
Arbate, Guvernøren av Nymphæa soprankastrat Pietro Muschietti
Sifare eller Xiphares,
sonen til Mitridate
soprankastrat Pietro Benedetti (Sartorino)
Aspasia, forplikta til å gifte seg
med Mitridate, dronninga
sopran Antonia Bernasconi
Farnace eller Pharnaces,
den eldste sonen til Mitridate
altkastrat Giuseppe Cicognani
Marzio eller Marcius, romersk
legionæroffiser
tenor Gasparo Bassano
Mitridate, Kongen av Pontus tenor Guglielmo d'Ettore
Ismene, Parthiansk prinsesse sopran Anna Francesca Varese

Ariar

endre

Akt 1

  • "Nel sen mi palpita" - Aspasia
  • "Parto : nel gran cimento" - Sifare
  • "Quel ribelle" - Mitridate
  • "Se di lauri" - Mitridate
  • "In faccia all'oggetto" - Ismene
  • "L'odio nel cor" - Arbate
  • "Al destin che la minaccia" - Aspasia
  • "Soffre il mio cor" - Sifare
  • "Venga pur, minacci" - Farnace

Akt 2

  • "Già di pietà mi spoglio" - Mitridate
  • "Lungi da te" - Sifare

  • "Nel grave tormento" - Aspasia
  • "So quanto a te" - Ismene
  • "Son reo; l'error confesso" - Farnace
  • "Tu che fedel" - Mitridate
  • "Va, l'error mio palesa" - Farnace

Akt 3

  • "Ah ben ne fui presaga…Pallid' ombre" - Aspasia
  • "Già dagli occhi" - Farnace
  • "Se di regnar" - Marzio
  • "Se il rigor d'ingrata sorte" - Sifare
  • "Tu sai per che m'accese" - Ismene
  • "Vado incontro" - Mitridate

Kjelder

endre
  1. See especially Daniel E. Freeman, Josef Mysliveček, "Il Boemo" (Sterling Heights, Mich.: Harmonie Park Press, 2009), s 229-35.

Bakgrunnsstoff

endre