Synnøve Søndergaard

Synnøve Søndergaard (fødd 26. september 1957) er ei norsk samisk fagforeiningskvinne og politikar, frå 2017 til 2021 medlem av Sametinget, innvald for Arbeidarpartiet frå Gáisi valkrets.[1]

Synnøve Søndergaard

Fødd26. september 1957 (67 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet (1991)
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
Alle verv

Søndergaard er medlem av Norsk Tenestemannsslag, og sat frå 1998 til 2006 i NTLs landsstyre.[2] Ho er per 2017 distriktssekretær for LO i Troms.[3]

Ho har hatt fleire politiske tillitsverv, blant anna som fylkesråd i Troms fylkeskommune frå 2003 til 2009. Ho har òg vore styremedlem i AOF Nord, i Norsk Luftfartsmuseum og i Norsk Luftfartssenter Bodø AS.[1]

Referansar

endre
  1. 1,0 1,1 «Synnøve Johanne Søndergaard», nrk.no 17. juni 2009
  2. «Synnøve Søndergaard LO-distriktssekretær i Troms», ntl.no
  3. «Kom inn på Sametinget etter valdrama: – Der det er innverknad skal LO vera», itromso.no 19. september 2017

Bakgrunnsstoff

endre