Tågebær
Tågebær
Tågebær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Rosefamilien Rosaceae
Underfamilie: Rosoideae
Slekt: Bjørnebærslekta Rubus
Art: Tågebær R. saxatilis
Vitskapleg namn
Rubus saxatilis

Tågebær eller teiebær er ein plante i rosefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 20 cm høg, og har krypande renningar og opprette skott med nålforma tornar. Blomane har nedbøygde begerflikar og opprette kvite kronblad som er jamlange med begerblada. Tågebær har lysraude frukter. Planten blomstrar kring juni månad på steinete stader.

Tågebær er vanleg gjennom heile Noreg. Han er funnen opp til 1500 m i Jotunheimen.

Kjelder endre

  • Svensk Wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Tågebær