Tønne Huitfeldt (1925–2007)

norsk militær

Tønne Huitfeldt (fødd 6. april 1925 i Oslo, daud 17. mars 2007) var ein norsk offiser (generalløytnant) i Hæren. Han hadde ei rekkje sentrale leiarposisjonar i Forsvaret og i NATO.

Tønne Huitfeldt
Fødd6. april 1925
Død17. mars 2007 (81 år)
Ranggeneral

Andre verdskrigen endre

Under andre verdskrigen kom Huitfeldt seg over til Storbritannia via Sveits.[1] Han tenestegjorde i den norske brigaden i Skottland og vart i 1942, berre 17 år gammal, oppteken ved den norske Krigsskolen i London.[1] I 1944 vart han beordra til teneste i 2. bergkompani, der han var troppssjef, og deltok med dette i frigjeringa av Finnmark.[1][2]

Militær karriere i Noreg og NATO endre

Etter krigen heldt Huitfeldt fram i Forsvaret og fekk etter kvart sentrale leiaroppgåver.

Huitfeldt var i Tysklandsbrigaden frå 1948 til 1949.[3] 1954–1955 tok han vidare militær utdanning ved U.S. Army Command and General Staff College. Etter Suezkrisa i 1956 var han sjef for det norske geværkompaniet i SN-styrken i Gaza. Huitfeldt vart i 1960 utnemnd til sjef for Garnisonen i Sør-Varanger. Han var deretter i generalstaben før han i 1964 vart sjef for Krigsskolen. I 1970 studerte han ved Royal College of Defence Studies i Storbritannia.

Huitfeldt vart utnemnd til generalløytnant i 1977. Frå 1977 til 1981 øvstkommanderande i Nord-Noreg.[3] Deretter fekk han ei sentral stilling i Brussel som direktør for NATOs internasjonale militære stab.[1] Huitfeldt sat i denne stillinga frå 1981 til 1985.

Frå 1984 til 1996 var Huitfeldt redaktør for Norsk Militært Tidsskrift. Han var ein aktiv deltakar i den offentlege debatten om forvarsspørsmål.

Utmerkingar endre

Huitfeldt var tildelt ei rekkje utmerkingar.[4] For innsatsen under andre verdskrigen mottok han Deltagermedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje, og dessutan dei britiske utmerkingane France and Germany Star og Defence Medal. For tenesta i UNEF I mottok han SNs ekspedisjonskorpsmedalje. Huitfeldt var Kommandør av St. Olavs Orden, kommandør av den belgiske Leopold IIs orden, av Republikken Italias fortenstorden og av Jugoslavias stjerneorden.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Mellom barken og veden i Brussel», Aftenposten, 11. mai 1985, s. 31.
  2. «Tønne Huitfeldt - 2». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 28. september 2014. 
  3. 3,0 3,1 Hvem er Hvem? 1984, Oslo: Kunnskapsforlaget, 1984, s. 240.
  4. Bjørn Steenstrup: Hvem er Hvem? 1979, Oslo: Kunnskapsforlaget, 1979, s. 292-293.