Tønsbergs Turnforening, til vanleg kalla Tønsberg Turn, er eit idrettslag heimehøyrande i Tønsberg. Laget vart stifta 9. juni 1864 og har idag grupper aktive i handball, kunstløp og hurtigløp på skeiser, turn og petanque. Fram til 1981 og 1985 hadde Tønsberg Turn òg grupper for friidrett og fotball, utøvarar i desse idrettane danna då spesial-idrettslag saman med tilsvarande grupper i Tønsberg-Kameratene.

Tøsnberg Turn er særleg kjend for sine skeiseløparar, fremst av desse den internasjonale meisteren Fred Anton Maier. Andre skeiseløparar som hevda seg internasjonalt var Bjørn Tveter, Roar Grønvold og Terje Andersen.

Kjelder

endre