Tønsberg

administrasjonssenteret i Tønsberg kommune
(Omdirigert frå Tønsbergensar)

Tønsberg er ein by og administrasjonssenteret i Tønsberg kommune i Vestfold. Tønsberg utgjer eit samanhengande tettbygd område i og omkring den historiske byen Tønsberg, med ein folkemasse på 55 387 innbyggjarar per 1. januar 2023. Tettstaden ligg innan kommunane Tønsberg og Nøtterøy.

Tønsberg
by
Tønsberg sett frå sjukehuset, med Frodeåsen i bakgrunnen.
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Tønsberg
Areal 26,31 km²
Folketal 55 387  (2023)
Folketettleik 2 105 / km²
Innbyggjarnamn tønsbergensar
Preposisjon i Tønsberg
Kart
Tønsberg
59°16′01″N 10°24′32″E / 59.267°N 10.409°E / 59.267; 10.409
Wikimedia Commons: Tønsberg (city)

Gjennom byen går Vestfoldbanen med hyppige avgangar mot Oslo. Utanfor bysenteret går gamle E18 stort sett på Raet. Ny firefelts motorveg vart oppført i 2014 på innsida av Raet. Frå denne vegen fører fylkesveg 308 frå Gullikrysset inn til bysenteret og vidare til Nøtterøy og Tjøme. Tønsberg hamn har stor aktivitet og hadde i 2005 over 1 250 anløp med ei varemengd på 250 000 tonn. Tønsberg gjestehamn har 250 plassar. Byen er ein av dei største gjestehamnene i Noreg i sommarmånadene.

Historikk og kultur

endre

Tønsberg er ein av Noregs eldste byar, grunnlagt 871. Fram til 1671 var Tønsberg den einaste byen i Vestfold. Byen blei opphavleg lagt til like nedanfor det 63 meter høge Slottsfjellet ned mot Byfjorden. I dette området finn ein ruinar av fleire kyrkjer, St. Olavs kloster og ein kongsgard frå 1200-talet. Byen hadde si storheitstid i mellomalderen. I Noreg er Tønsberg, Trondheim, Bergen, Stavanger, Sarpsborg og Oslo mellomalderbyar. I 1201 blei Tunsberghus festning omleira av kong Sverre og til slutt oppgitt av baglarane. I seinmellomalderen var Tønsberg ein av landets tre hansabyar (ved sidan av Bergen og Oslo). Posisjonen til byen blei svekka etter svartedauden, og nedgangen blei forsterka av plyndringa og brenninga av Tunsberghus i 1503 og ein svært øydeleggande bybrann i 1536. Særleg etter reformasjonen mista Tønsberg mykje status. Men byen fekk gradvis eit nytt økonomisk oppsving, på 1700-talet blei det bygd saltverk på Valløy, og særleg frå midten av 1800-talet, da skipsfarten sette sitt preg på byen. Frå slutten av hundreåret også sel- og kvalfangst, som blei starta av Svend Foyn. Barndomsheimen hans frå 1750 i Nedre Langgate 18 er freda. Det same gjelder bustaden hans frå omkring 1700 i Storgaten 54 og Svend Foyns arbeiderboliger frå 1857 til 1870, som nå er eit leiegardsanlegg. Kaldnes Mek. Verksted, åpnet i 1899, førte til ytterlegare vekst og utvikling. Under den første verdskrigen var inntekter frå skipsfarten viktig, og i mellomkrigstida betydde kvalfangsten i Sørishavet mykje for den økonomiske situasjonen til Tønsberg. I byen kjem dagsavisa Tønsbergs Blad ut, som i 2015 hadde eit opplag på 19 475.

Ruinar

endre

Slottsfjellet har ruinar av Tunsberghus og restar av Mikaelskyrkja. Eit tretårn frå 1856 på Slottsfjellet brann ned i 1874. I 1888 blei det nye tårnet innvigd. Tårnet som er Tønsbergs viktigaste ikon, symboliserer tilknytinga Slottsfjellsområdet har til mellomalderen. På Haugar er det gravhaugar som skal vera reist over Harald Hårfagres to sonar Olav og Sigurd. I Storgaten er det ruinar etter Olavskyrkja, ein gong den største rundkyrkja i Norden.

Byggverk

endre

Søraust for Haugar ligg det gamle rådhuset Gunnarsbø. Det nåverande rådhuset til Tønsberg ligg aust for Slottsfjellet ved jernbanestasjonen. Tønsberg domkyrkje er ei langkyrkje i nygotisk stil frå 1858, bygd i upussa raud teglstein og teikna av arkitekten Christian Heinrich Grosch. Domkyrkja blei oppført på grunnen til den tidlegare Lavranskyrkja.

Ved foten av Slottsfjellet ligg Slottsfjellsmuseet IKS, som med tida vil bli eit sentralt mellomaldermuseum der historie til byen og Vestfold blir sett i samanheng med nasjonale og internasjonale interesser.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre