Opna hovudmenyen
Tøyen haldeplass

Tøyen haldeplass er ein haldeplass på jarnbanelina Gjøvikbanen på Keyserløkka ovanfor (nordaust for) TøyenparkenTøyen i Oslo. Haldeplassen ligg 75,2 meter over havet og 4,45 kilometer frå Oslo Sentralstasjon.

Haldeplassen er ikkje mykje brukt, og er utan andre fasilitetar enn leskur og sykkelstativ. Tilkomsten skjer frå Økernvegen, der bana går i bru over vegen. Lina er her dobbeltspora, og då det på haldeplassen ikkje er midtperrong, men perrong for kvart spor på høgre sida av sporet, sett i køyreretninga, må ein må velje tilkomstvegen på rett side av jarnbanelina før ein går opp til perrongen.

Tøyen haldeplass vart oppretta som stoppestad i 1904. Stoppestaden vart stasjon i 1912 med stasjonsbygning i jugendstil på vestsida av sporet, teikna av arkitekt Paul Armin Due (sonen til arkitekten Paul Due). I 1918 vart det bygd stasjonsmeisterbustad på austsida av sporet. Stasjonen vart utan mannskap i 1963, stasjonsbygningen rive ned i 1965 og stasjonsmeisterbustaden i 1986.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

Sjå ògEndra