Paul Armin Due

norsk arkitekt

Paul Franz Wilhelm Armin Due (fødd 1870 i Kristiania, død 1926 i Oslo) var ein norsk arkitekt. Han var son til arkitekt Paul Due og fekk utdanning ved Polytechnikum i Hannover i 1896.

Paul Armin Due
Paul Armin Due.jpg
Fødd 6. april 1870
Christiania
Død

27. mars 1926 (55 år)
Oslo

Yrke arkitekt
Paul Armin Due på Commons
Verdal stasjon frå 1902
Foto: Lars Røed Hansen

Han arbeidde dei første to åra i Tyskland, men gjekk inn i firmaet til faren frå 1898 og teikna ei rekke jernbanestasjonsbygningar, mellom anna til Gjøvikbanen, Flekkefjordbanen, Hell-Sunnanbanen, Drammenbanen og Bergensbanen.

Då far og son arbeidde med dei same prosjekta, er det i ettertid for nokre bygningar uvisst kven av dei to som skal ha hovudæra. Men dei aller fleste stasjonane[treng kjelde] frå tida like etter 1900 og fram til 1910 var det Paul Armin som stod for. Medan faren var meir prega av historisme, teikna Paul Armin i ein meir jugend-prega stil, som var det nye og moderne stiluttrykket.

Frå 1911 hadde Paul Armin Due eige arkitektfirma i Kristiania. Fram til 1916 teikna han ein del villaer i Aker, mellom andre:

  • Heggeliveien 55 (1911)
  • Knausen, Jarlsborgveien 11 (1911)
  • Sætra vei 12b (1911)
  • Vækerøveien 31 (1915)
  • Konventveien 8 (1916)
  • Smestadveien 6 (1916)

Dei siste åra i sitt yrkesaktive liv arbeidde han hos Byarkitekten i Kristiania.

KjelderEndra