John Skjelvaag (fødd 2. september 1941) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som vart norsk meister på 400 meter hekk fem år i rad: 1965-69. Skjelvaag var medlem i IL Varegg til 1961, sidan representerte han TIF Viking 1962-67 og IK Tjalve 1968-69.

John Skjelvaag
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. september 1941 (82 år)
Idrett friidrett

I spesialøvinga 400 meter hekk stod Skjelvaag nasjonalt i skuggen til Jan Gulbrandsen, så lenge denne tevla. Skjelvaag fekk delta EM i friidrett 1966 i Budapest. Med 52,6 sekund fekk han bestetid av dei som ikkje kvalifiserte seg til semifinalane i 400 meter hekk, 16 mann gjekk vidare. Han var elles ein av dei beste sprintarane i Noreg på 200 meter og særleg 400 meter, vann til saman fem NM-medaljar på desse distansane.

Medaljar i noregsmeisterskap endre

  • 1961 i Bergen: Bronsemedalje på 400 m hekk og på 400 m
  • 1962 i Drammen: Bronsemedalje på 400 m
  • 1963 i Trondheim: Sølvmedalje på 400 m hekk og i 1000 m stafett, bronse på 400 m
  • 1964 i Gjøvik: Sølvmedalje på 400 m hekk og på 400 m, bronse på 200 m
  • 1965 i Haugesund: Gullmedalje på 400 m hekk
  • 1966 i Bærum: Gullmedalje på 400 m hekk, bronse på 200 m
  • 1967 i Trondheim: Gullmedalje på 400 m hekk
  • 1968Kongsvinger: Gullmedalje på 400 m hekk, sølv i 1000 meter stafett
  • 1969 i Fana: Gullmedalje på 400 m hekk

Personlege rekordar endre

  • 200 m: 22,0 (1965)
  • 400 m: 48,4 (1964)
  • 400 m hekk: 51,8 (1965)

Kjelder endre