Tagliamento
Tagliamento er ei elv nordaust i Italia som renn frå Alpane til Adriahavet mellom Trieste og Venezia. Elva har utspring ved Mauriapasset på grensa mellom Veneto og Friuli-Venezia Giulia. I den øvre delen renn ho gjennom det historiske Carnia-området, nord i provinsen Udine. I dei midtre og nedre delane dannar ho grensa mellom provinsane Udine og Pordenone og seinare mellom førstnemnde og provinsen Venezia. Til slutt munnar ho ut i Veneziabukta mellom Lignano Sabbiadoro og Bibione.
Tagliamento | |||
elv | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 916 km² | ||
Lengd | 178 km | ||
Kjelde | Mauriapasset i Friuli | ||
• høgd | 1 195 moh. | ||
Munning | Veneziabukta | ||
Tagliamento 46°27′00″N 12°31′17″E / 46.45°N 12.5214°E | |||
Wikimedia Commons: Tagliamento |
Tagliamento har eit nedslagsfelt på 2 916 km² og om lag 165 000 innbyggjarar bur innanfor dette området.
Dei største byane langs elva er Latisana og San Michele al Tagliamento. I nærleiken finn ein òg Tolmezzo, Gemona del Friuli, San Daniele del Friuli, Spilimbergo, Casarsa della Delizia, Codroipo og San Vito al Tagliamento.
Kjelder
endre- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Tagliamento frå Engelsk Wikipedia .